Urbanisering i Afrika

Frå ein marknad i Lagos.
Foto: Zouzou Wizman

Urbanisering i Afrika tek for seg utviklinga av byar i Afrika frå førhistorisk tid til våre dagar.

kolonimaktene for alvor byrja å sjå seg om etter koloniar i Afrika på slutten av 1800-talet var det ikkje fordi dei ville ha kontroll over store avanserte sivilisasjonar. Koloniherrane såg på den europeiske sivilisasjonen som overlegen alle andre og ofte kunne dei knapt sjå føre seg at områda dei tok over skulle kunna vera siviliserte i det heile. Det var difor vanskeleg for dei å knyta noko sivilisert til afrikanarane, heller ikkje dei politiske og sosiale systema som ein urban kultur inneber. Dei eurosentriske brillene har gjort at ein lenge har sett for seg at dei fleste teikn på sivilisasjon i Afrika har oppstått frå påverknad utanfrå.

Ein reknar ein med at om lag 95 % av innbyggjarane i Afrika sør for Sahara var knytt til primærnæringane jordbruk, jakt, kvegnomadisme og fiske rundt 1900,[1] altså budde truleg mindre enn 5 % i byar. I 1950 (byrjinga av frigjeringsperioden) viste statistikk at denne delen av befolkninga hadde auka til 14,7 % og i 2000 til 37,2 %. Ein reknar med at talet stig til 45,3 % i 2015, altså med 3,76 %-3,35 % per år.[2] Lagos i Nigeria, som i 1963 hadde 665 000 innbyggjarar[3] og 8,7 millionar i 2000 — var i 2014 den 9. største byen i verda med eit estimert folketal på 21 millionar i storbyregionen.[4] Byveksten er altså enorm i storparten av Afrika, og særleg sør for Sahara.

  1. Aase, 2003:1
  2. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet UN, 2002
  3. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Rakodi
  4. John Campbell. «This Is Africa's New Biggest City: Lagos, Nigeria, Population 21 Million», The Atlantic (Jul 10, 2012)

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search